Bjørnebær

Rubus fruticosus
'Bedford Giant'
Gammal engelsk sort med svarte, store, søte bær og tidleg modning (august- september). Runde til høgrunde bær. God avling. Svært sterktveksande med kraftige tornar både på skot, blad og bærstilkar. Aktuell for frilandsproduksjon. Bra vinterherdig.

'Kotata'
Amerikansk sort frå USDA i Corvallis, Oregon. Komplisert stamtavle der mellom anna Boysenbær og Loganbær inngår i stamtavla. Namngitt i 1984. Store langstrakte og kjegleforma bær med svart farge og god smak. Bra avling. Bæra modnar tidleg og sorten er aktuell for frilandsproduksjon. Planta har tornar. Vinterherdig.

'Loch Ness'
Kryssing mellom nummersortane 74126R/A8 x 75131D2. Frå SCRI i Skottland. Sein, yterik sort med lang hausteperiode. Svært store, høgrunde, skinnande svarte bær med god smak og lang haldbarheit. Berre aktuell for dyrking i tunnel eller veksthus. Tornefri, men lite vinterherdig.