Bringebær

Rubus idaeus
'Varnes'
'Varnes'
'Glen Ample'
'Glen Ample'
'Glen Ample' i tunnel
'Glen Ample' i tunnel

Bringebær er i løpet av få år blitt en suksesshistorie i norsk hagebruksproduksjon. Siden introduksjonen av 'Glen Ample' på den norske markedet i 2001, har omsetningen av norskproduserte bringebær for friskkonsum, økt fra 10 tonn til nærmere 1000 tonn på årsbasis! Oversikten under viser hovedsortene vi har i produksjon. Vi kan også levere materiale av de to nye, skotske sortene 'Glen Fyne' og 'Glen Doll' og av `Cascade Delight` og av `Cowichan` Følg denne linken for omtale av sortene: 'Glen Fyne' og 'Glen Doll'.

I tillegg har vi flere nye, norske seleksjonar fra Graminor inne til rensing og formering, blant andre `Agat`, `Anitra`og `Ninni`

Vi leverer formeringsmateriale av hovedsortene til Norgro`s planteprodusenter. Kontakt Norgro Plantesalg for eventuell bestilling av bringebærplanter. Vi leverer også formeringsmateriale til forskjellige planteskoler til hagesentermarkedet. Sagaplant AS formerer alle sortene som mormateriale til videre oppformering. I tillegg lager vi planter til salg av en del sorter.

'Asker'

Gammal, truleg tysk sort, av ukjent opphav. Synonym med 'Winkler's Sämling'. Har vore dyrka i Noreg frå rundt 1890. Gjekk tidlegare under nemninga "Askerbær" pga. omfattande dyrking i Asker. Middels tidleg. Små, lyseraude og runde, men svært smakfulle bær. Lita avling og sein å plukke. Lang haustesesong frå sist i juli og ut august. Resistent mot karantenesjukdommen raud rotròte og sterk mot bringebærbladmidd. God som spisebær og aktuell for spesialproduksjon av saft og syltetøy. Mange, relativt korte og tynne skot med masse tornar. Vinterherdig.

'Balder'

Kryssing mellom 'Norna' x 'Malling Jewel'. Norsk sort frå tidlegare NLH. Introdusert i 1988. Middels store, mørke, blaute og syrlege bær. Moderat avling. Modnar frå siste halvdel av juli med kort, konsentrert hausteperiode. Utsatt for angrep av raud rotròte, stengelsjukdommar og bringebærbladmidd. Aktuell konservessort. Lite tornar. Vinterherdig.

'Borgund'

Resulat av kryssing mellom 'Distad' x 'Viking'. Kryssa på Njøs og selektert ved Planteforsk Kvithamar under namnet B3. Godkjent i 2002. Tidlegsort (midten av juli) med store, men blaute, lyseraude og svært velsmakande bær. Gir små avlingar. Lite haldbare og utsatt for bringebærbille og gråskimmel. Spesialsort for friskkonsum i villahagar eller ved rask omsetnad. Middels vinterherdig.

'Glen Ample'

Skotsk sort med kompleks stamtavle som mellom anna inkluderar 'Glen Prosen' og 'Meeker'. Storfrukta, høgrunde til kjegleforma bær. God smak og faste bær med lys raud til raud bærfarge. Veleigna som spisebær. God haldbarheit og lite safting. Hovudsort i Noreg i dag. Lang hausteperiode med mange bær pr. sideskot/lateral. Modnar omlag ei veke etter 'Veten' med hausting ut august. Utsatt for bringebærbladmidd og skotsjuke, men sterk mot raud rotròte. Tornefrie, opprette skot med god veksekraft. Sortsavgift. Ikkje lov å produsere planter korkje for eigen bruk, for sal eller anna avhending.

'Orion'

Engelsk sort med kompleks stamtavle. Synonym med 'Malling Orion'. Store, og lyseraude, relativt runde bær med fin glans og god smak. Bæra er blaute og lite egna for omsetnad som spisebær. Stor avling. Utsatt for angrep av raud rotròte. Gir mange og lange skot med ein del tornar. Bra vinterherdig.

'Preussen'

Gammal tysk sort av usikkert opphav, men blir hevda å stamme frå kryssing mellom 'Superlativ' x 'Marlboro'. Sendt ut som namngitt sort i 1919. Har vore svært viktig både i yrkesdyrking og i villahagar og er framleis etterspurd i villahagar. Middels store, breirunde og matt lyseraude bær som modnar middels tidleg (siste halvdel av juli). Mildare og søtare smak enn 'Veten', men gir eit blast og lite fargestabilt syltetøy. Bra avling. Kraftige, men få skot med lite tornar. Bra vinterherdig.

'Stiora'

Resultat av kryssinga N80-08 x 'Asker' utført av Rolf Nestby ved Planteforsk Kvithamar i 1988. Godkjent i 2002. Store, kjegeleforma og raude bær med god haldbarheit. Ei ulempe med sorten er at bæra kan få kvite druplettar. God avling. Middels tidleg modning (siste halvdel av juli). Eigna både til friskkonsum og konserves. Rikeleg med skot med heller svak veksekraft. Skota har tornar. Herdig. Sortsavgift.

'Tulameen'

Kryssing mellom 'Nootka' x 'Glen Prosen' utført i 1980 ved PARC i Canada. Viktig sort internasjonalt. Raude til raudfiolette, svært store, kjegleforma bær med god haldbarheit. Veksthussort som modnar seint og med lang haustesesong (august- september). Normalt faste bær, men kan bli blaute med redusert haldbarheit mot slutten av sesongen. Lange lateralar og stort avlingspotensiale. Utsatt for stengelsjukdomar og raud rotròte. Skot med få tornar.

'Varnes'

Åpen pollinering av Orus 1846 x Orus 576/47. Valt ut ved Planteforsk Kvithamar i frøplantefelt frå 1987. Godkjent i 2002. Aprikosfarga, men heller små og blaute bær. Spesialsort for friskkonsum eller syltetøy. Sortsavgift.

'Vene'

Kryssing mellom 'Veten' x 'Newburgh' utført på Njøs i 1971 og valt ut på Kvithamar i 1985 for nord- norske forhold. Runde, små og mørkeraude bær med bra smak. Modnar tidleg, men gir heller lita avling.

'Veten'

Truleg kryssing mellom 'Preussen' x 'Lloyd George'. Norsk sort kryssa på tidlegare Statens Forsøksgard Njøs i 1944. Lansert i 1961. Har vore dominerande i norsk bringebærdyrking frå midten av 1960- åra og fram til 2003. Mørk fiolette, store og kjegleforma bær. Syrlege og blaute bær lite eigna for friskkonsum. Særs god kvalitet som konservesbær. Gir stor avling spesielt i midtre- og indre fjordbygder på Vestlandet. Rask å plukke. Modnar frå midten av juli. Utsatt for raud rotròte og skotsjuke. Lite vinterherdig. Kraftige, opprette og stive skot med få tornar.