Solbær

Ribes nigerum

Solbær er godt tilpassa vårt nordiske klima og ved rett sortsval, kan dei dyrkast frå Finnmark i nord til Østfold i sør. Solbær er rike på C- vitamin og andre antioksidantar og bør vere ein viktig ingrediens i eit balansert kosthald. Plantene blir dyrka som enkeltståande buskar, som hekkplanter eller i spalier. Pga. problem med å få på plass avtalar med sortseigarar, er det fleire år sidan Sagaplant har fått inn nytt sortsmateriale for oppformeiring. I samarbeid mellom Norsk Landbruksrådgiving og Bioforsk, er det planlagt eit landsomfattande sortsforsøk med 3 nye skotske og 3 nye polske sortar og vi håpar at dette skal resultere i at vi kan tilby eit utvida solbærsortiment om få år. For tida har vi 6 sortar for sal, som her er rangert etter modningstid.

'Ben Nare'

Resultat av kryssinga 'Ben Lomond' x SCRI ND 17/7. Utvikla ved Scottish Crop Research Institute (SCRI) og testa i Noreg. Oppkalla etter Narefjell i Sauherad etter forslag frå tidlegare driftsleiar Egil Bjerkestrand ved Gartnerhallens Eliteplantestasjon. Namngitt i 2001. Svært tidleg, yterik sort med modning i siste halvdel av juli. Blømer tidleg og kan vere utsatt for nattefrost. Opprett vekseform og høg grad av resistens mot mjøldogg. Mottakeleg for filtrust og bladflekksjukdommar. Søte og store bær i middels lange klasar. God farge og høgt C- vitamininnhald.

'Hedda'

Kryssing mellom 'Øjebyn' x 'Melalahti'. Norsk sort frå UMB, namngitt i 1985. Blømer tidleg og modnar tidleg (sist i juli), med søte, middels store bær og middels lange klasar. Sterk mot mjøldogg, men moderat avling, svak saftfarge, og lågt C- vitamininnhald. Har liggande vekseform og er utsett for angrep av bærbuskbladfall. Toler godt maskinell hausting. Har vore ein viktig sort i norsk og dansk solbærproduksjon.

'Ben Tron'

Skotsk sort med komplisert stamtavle; ND 12/26 x (('Vistavotnjaja' x ('Mendip Cross' x Ribes dikuscha) x ('Goliath' x' Øjebyn')) x 'Westra'. Namngitt i 1992 og oppkalla etter Tronfjellet i Hedmark. Blømer tidleg og kan vere utsatt for frost under blomstring. Tidleg moden (sist i juli), med opprett vekst, høge buskar og store bær i lange klasar som modnar jamnt. Sterk mot mjøldogg, men mottakeleg for bladflekksoppar, filtrust og solbærgallmygg. Produktiv sort med opprette, stive greiner, men svakt greinfeste. Greinene får lett skade ved maskinell hausting og buskane fornyar seg dårleg utan skjering. Søt god smak, middels god saftfarge og høgt innhald av vitamin C. Vår mest etterspurte sort for tida.

'Kristin'

Kryssing mellom 'Ben Tron' x L I 11/46-85 ('H edda' x E.M.1428/70). Nyare, norsk sort frå UMB namngitt i 1990. Lansert som småhagesort, med opprett vekst, god smakskvalitet og høg resistens mot mjøldogg. Blømer tidleg og modnar middels tidleg (byrjinga av august). Bra produktiv sort med middels store, søte bær med moderat saftfarge og middels innhald av vitamin C. Middels lange klasar. Litt svake greinfeste.

'Ben Alder'

Resultat av kryssing mellom ' Ben More' x 'Ben Lomond'. Skotsk sort frå SCRI. Namngitt i 1988. Blømer seint og modnar seint (første halvdel av august). Yterik sort, med små, syrlege bær i korte til middels lange klasar. Bæra modnar noko ujamnt i klasane. Høgt C- vitamininnhald og svært god saftfarge. Gode råvareeigenskapar. Godt egna for maskinell hausting og har vore ein viktig sort både nasjonalt og internasjonalt. Høg grad av resistens mot mjøldogg, men utsett for filtrust, solbærgallmidd og solbærgallmygg. Må gjødslast og skjerast godt for å få tilfredstillande vekst.

'Narve Viking'

Kryssing mellom 'Ben Tron' x SCRI C2/1/62. Nyare, norsk sort frå UMB namngitt i 1997. Rettsvern både i Noreg og EU. Blømer seint og modnar relativt seint (midten av august). Avlingsrik sort med heller små og syrlege bær i middels lange klasar. Høgt innhald av C- vitamin og god saftfarge. Mjøldoggresistent og sterk mot bladflekksjukdommar. Opprett vekseform, med stive greiner som lett får skade ved maskinhausting. Fornyar seg dårleg utan skjering.

'Kristin'. Foto: Stanislav Strbac
'Kristin'. Foto: Stanislav Strbac