Eplegrunnstammer

Omtale av eplegrunnstammer

M 9 er utval frå East Malling i England utført på 1920- talet. Opphavet er ukjent, men truleg av fransk herkomst. Dette er den mest nytta eplegrunnstamma i europeisk fruktdyrking i dag. M 9 er svaktveksande (sjå tabell under) og godt egna til intensive plantesystem. Grunnstamma gir tre som kjem tidleg i bering, har høgt avlingsnivå og god fruktstorleik. Rotsystemet er svakt, gir dårleg forankring og trea må ha støtte i form av stokkar eller strengsystem for å stå oppreist. M 9 er sterk mot rothalsròte og virustolerant, men dannar lett rotprimordiar (anlegg for luftrøter) og rotskot (spesielt ved grunn planting). Stamma er middels vinterherdig.
Gjennom åra er det gjort fleire utval i M 9. Desse kallar vi klonar eller subklonar og skilnaden mellom dei er små. EMLA 9 er det opprinnelege utvalet frå East Malling. I Noreg brukar vi i dag klonane RN 29 (frå Belgia) og Lancep (frå Frankrike) som òg går under namnet Pajam 1. RN 29 har noko sterkare vekst enn gjennomsnittet av M 9, medan Lancep er litt svakare enn gjennomsnittet.

B 9 (M 8 x Malus niedwetzkyana) er russisk og lansert i 1978. Er mykje brukt som grunnstamme i Noreg til svaktveksande og middels sterktveksande eplesortar. Grunnstamma er svært vinterherdig og resistent mot rothalsròte (Phythopthora cactorum). B 9 dannar lite rotprimordiar, men set lett rotskot. Veksekrafta er noko svakare enn M 26 og trea er normalt ikkje så produktive som M 9. B 9 har kraftigare rotsystem enn M 9, men treng oppstøtting. Gir tre som kjem tidleg i bering og frukt av god kvalitet og gir godt resultat til sortar og på lokalitetar der M 9 er for svak.

M 26 (M 16 x M 9) vart valt ut på East Malling i England i 1959 og var mykje brukt på 1980- 1990- talet i norske frukthagar. Veksekrafta ligg mellom M 9 og MM 106 men varierar noko avhengig av eplesort og jordtype. Rotsystemet er middels kraftig og trea treng oppstøtting. M 26 er produktiv, gir god fruktfarge og fruktstorleik, men veks for kraftig i moderne plantesystem. Grunnstamma er utsett for danning av rotprimordiar (luftrøter) og gir mange rotskot. Svært utsett for pærebrann og moderat utsett for rothalsròte. Vinterherdig, men følsam for virus.

MM 106 (Northern Spy x M 1) vart lansert frå East Malling i England i 1925 og har tidlegare vore mykje nytta i norsk fruktdyrking. Veksekrafta er generelt for stor, men stamma har fått ein viss renessanse i samband med økologisk fruktproduksjon og epledyrking for juiceproduksjon. Står godt utan oppstøtting. Utsatt for rothalsròte og mindre herdig enn M 26 og B 9. Går sent inn i vinterhvile. Dannar lite rotprimordiar og få rotskot. MM 106 er produktiv til svaktveksande sortar, men indeksen for fruktstorleik er liten og fruktene blir ofte dårlegare farga og meir langstrakte enn på samanliknande stammer. Kjenslevar for virus.

Antonovka. Russisk, kraftigveksande og svært hardfør grunnstamme. Ein viss variasjon blant stammene pga. at vi brukar frøformeiring. Generelt litt svakare enn A 2, men knapt like produktiv. Står godt på eiga rot. Ei viss interesse for stamma til økologisk produksjon og som stamme til prydeple og andre eplesortar i villahagar. Lite rotskot og rotprimordiar. Resistent mot rothalsròte.

A 2. Kraftigveksande og svært herdig grunnstamme frå Alnarp i Sverige. Lite produktiv. Få rotskot og rotprimordiar. Stort sett berre brukt i villahagar. Resistent mot rothalsròte.
Karakteristikk av eplegrunstammer rangert etter veksekraft *

Grunn-stamme
Klon

Veksekraft

Relativ
veksekraft

Rotskot

Rotprimordiar

Produktivitet

Rothalsròte
(P.cactorum)

Herdigheit

Opphavsland



















A 2



Svært kraftig

150




Liten

Resistent

Svært herdig

Sverige
Antonovka



Svært kraftig

135




Liten

Resistent

Svært herdig

Russland
MM 106



Kraftig

120




Middels

Svært utsatt

Middels
herdig

England
M 26



Middels kraftig
100

Mange

Mange

Middels

Utsatt

Herdig

England
B 9



Middels kraftig

90

Mange


God

Resistent

Herdig

Sovjet
M 9

RN 29

Svak

65

Mange

Moderat

Stor

Sterk

Lite herdig

Belgia
M 9
Lancep
(Pajam1)

Svak
60
Mange

Moderat

Stor
Sterk

Lite herdig

Frankrike

* Merk at eigenskapane ikkje er absolutte og vil variere ein del frå lokalitet til lokalitet og frå sort til sort.