Kirsebær

Omtale av kirsebærgrunnstammer

Frøstammer (Prunus avium). Stammer med varierande veksekraft. Vi brukar frø frå eigne utval i Sauherad. Desse gir kraftigveksande tre med store bær, men som normalt er mindre produktive enn tre på 'Colt' og 'Gisela'- stammene. Godt samhøve både med søt- og surkirsebærsortar og er mest aktuell i anlegg etablert på lett jord eller med ønske om større tre.

'Colt' (Prunus avium x Prunus pseudocerasus). Frå East Malling i England. Valt ut i 1971. Middels kraftigveksande og herdig stamme som kjem tidleg i bering og gir god avling. Frukta modnar eit par dagar tidlegare samanlikna med tre på frøstamme. Trivest best på tørkesterk men godt grøfta, og noko tung jord. Krev god tilgang på vatn og næring for å vekse tilfredstillande. Varierande veksekraft (75- 90%) i forhold til frøstammer avhengig av sort og lokalitet. Kompatibel med dei fleste søt- og surkirsebærsortar, men enkelte registrerar, etter ei tid, problem med sortar som 'Sunburst' og 'Van'. Svært lett å formeire med vevskultur, med ved- og grønnstiklingar og hyppemetoden på friland.

'Gisela 5'(Prunus cerasus x Prunus canescens). Svaktveksande stamme frå Giessen i Tyskland. Svært produktiv stamme med om lag 50- 60% veksekraft i forhold til frøstamme. Krev sterk skjering for hindre vekststagnasjon, unngå overbering og småfallen frukt. Trivest best på godt grøfta, porøs og moldhaldig jord. Krev god tilgang på vatn og næring. Kompatibel med dei fleste søtkirsebærsortar. Mindre aktuell til surkirsebær.

'Gisela 6' (Prunus tomentosa x Prunus cerasifera). Middels kraftigveksande stamme frå Giessen i Tyskland. God avling og om lag 60- 70% veksekraft samanlikna med frøstamme. Gir mindre avling, men større fruktter og mindre fare for vekststagnasjon enn 'Gisela 5' under elles like forhold. Så vidt vi veit, er 'Gisela 6' kompatibel med dei fleste aktuelle stkirsebærsortar. Mindre aktuell til surkirsebær. Berre importstammer er tilgjengeleg.