Pæregrunnstammer


Omtale av pæregrunnstammer

Pærefrøstammer

(Pyrus communis). Kraftigveksande, relativt herdige stammer av varierande opphav. Vi produserar frøstammer av pære av polsk opprinning. Frøstammer gir store tre med kraftig rotsystem på god jord. Trea kjem seint i bering og frøstammer er berre aktuelle på lett sandjord eller i anlegg der ein ynskjer store tre. Kompatibel med alle kjente sortar.

'Brokmal'

(OH x F 333). Amerikansk pæregrunnstamme med opphav i kryssing mellom pæresortane 'Old Home' x 'Farmingdale'. Middels kraftigveksande (25% svakare enn frøstamme) og relativt herdig stamme med høg grad av resistens mot bakteriesjukdommen pærebrann. Kjem tidleg i bering, er middels produktiv og gir god fruktstorleik. Kompatibel med alle kjente sortar.

Kvede A

(Cydonia oblonga). Engelsk klonutval i kvede med middels kraftig vekst. Er den mest kraftigveksande av kvedetypane, men likevel svakare i vekst enn 'Brokmal' (10- 20% svakare) og frøstammer. Tre poda på Kvede A kjem tidleg i bering, gir god fruktstorleik og fruktkvalitet. Kvede A er middels herdig, men blir lett skadd i kalde vintrar og ved barfrost. Er kompatibel med 'Clara Frijs', men er elles inkompatibel med fleire kjente pæresortar. Mellompoding med 'Clara Frijs' er aktuelt for å unngå problem med inkompatiblitet (mishøve).

Kvede Adams

(Cydonia oblonga). Utval i kvede hjå planteskulen Adams i Belgia. Trestorleik og eigenskapar elles som Kvede A, men meir produktiv.

Kvede C

(Cydonia oblonga). Engelsk utval i kvede med svak vekst. Kvede C er den svakaste, men også den mest produktive av kvedegrunnstammene. Kvede C er lite vinterherdig og bør berre brukast på god jord og på klimatisk gunstige stader. Mellompoding med 'Clara Frijs' er aktuelt for å unngå problem med inkompatibiltet (mishøve).