Plomme

Omtale av plommegrunnstammer

'Marianna' (Prunus munsoniana x Prunus cerasifera). Stamme med middels kraftig vekst. Har gitt mindre avling, fruktstorleik og større problem med mishøve enn St. Julien A.

'Pixy' (Prunus insititia). Frå East Malling i England. Frøavkom etter St. Julien. Svaktveksande stamme som har gitt bra resultat til kraftigveksande sortar. Generelt mindre frukter og lægre avling enn St. Julien A.

St. Julien A(Prunus insititia). Engelsk utval i frøplanter av St. Julien. Middels kraftig vekst, med tre som kjem tidleg i bering, har god fruktstorleik og er kompatibel med dei fleste plomme-, aprikos- og ferskensortar. Mest brukte grunnstamme i Noreg i dag.

Krymsk 1(VVA-1) (Prunus tomentosa x P. cerasifera). Russisk, svaktveksande grunstamme. Har vore meir produktiv og gitt større plommer enn St. Julien A i nederlandske forsøk. Berre importvare tilgjengeleg.