Heksekost på eple påvist i den gamle kvistbanken hos Sagaplant

Det er påvist heksekost på eple (Candidatus Phytoplasma mali) på 3 av 16 tre av 'Quinte' og 1 av 44 tre av vanleg 'Gravenstein' i den gamle kvistbanken hos Sagaplant.
Etter påvisning av heksekost på eple hos Fjeld Hagebruk tidlegare i oktober, sendte vi i forrige veke, inn 5 rotbitar à 5 cm frå absolutt alle tre av 'Gravenstein', 'Quinte' og 'Royalty' som er planta ut hos Sagaplant. Vi har no fått svar frå Bioforsk Plantehelse som ved hjelp av Real- time PCR (DNA- analysar), har påvist heksekost på eple på 3 av prøvane av 'Quinte' og svakt positivt utslag på 1 av prøvane av vanleg 'Gravenstein' i den gamle kvistbanken vår. Dette er den samme kvistbanken som vi har levert podekvist frå dei siste 20 åra. Det er ikkje påvist heksekost på eple i den nye kvistbanken vår eller på morplantefeltet vårt som begge er plassert separat frå den gamle kvistbanken.

I hht. forvaltningspraksis, reknar vi med at vi får hastevedtak om omsetnadsforbod og varsel om destruksjon av Mattilsynet i morgon.
I samarbeid med Mattilsynet og Bioforsk Plantehelse, vil vi deretter prøve å komme fram til løysingar til beste for norsk framavl og våre kundar.

Etter kvart som vi veit meir, vil vi fylgje opp med grundigare informasjon.