Ingen funn av heksekost så langt
Ingen funn av heksekost, korkje på
'Discovery' eller andre sortar,
i plantefelta til Sagaplant.
Heksekost (Apple Proliferation Phytoplasma) er ein alvorleg skadegjerar på eple. Sjå www. mattilsynet.no eller www. bioforsk.no for utfyllande opplysningar. I samband med omfattande funn av heksekost i norske frukthagar i 2010, har vi starta opp arbeidet med testing og sertifisering av alt av fruktmateriale på stasjonen vår . Så langt har vi, i samarbeid med Mattilsynet og Bioforsk Planehelse, testa alt av morplanter av grunnstammer i veksthus. I tillegg har vi teke ut stikkprøvar frå ferdigvareproduksjonen av grunnstammer (A 2 , B 9, M 9, M 26 og MM 106) og er i gang med testing av morplantefelta av eplesortane våre. Samla er 140 enkeltidivid (=140 prøvar) analysert utan påvisning av heksekost. Prøvane er analysert hjå Bioforsk Plantehelse på Ås ved hjelp av PCR (DNA- analysar). Jobben med gjennomtesting og rensing av resten av fruktmaterialet vårt, går vidare i 2012. Dette viser at framavl og sertifisering, er viktige arbeidsområde for å sikre fruktdyrkarar og andre eit best mogleg startmateriale ved etablering av nye plantefelt.