Orientering om heksekostsituasjonen

Etter påvisning av heksekost på eple i produksjonsfelt hos Fjeld Hagebruk og i gammal kvistbank hos Sagaplant, har vi, i samarbeid med Mattilsynet, teke ut rotprøvar (5 rotbitar à 5 cm) frå alle våre frilandsmorplanter av Malus spp. (eple). Totalt dreiar det seg om ca. 1400 prøvar som skal analyserast ved hjelp av DNA- analysar. Målet er at analyseresultata skal vere på plass før jul.

I tillegg har vi teke ut 95 stikkprøvar frå grunnstammer produsert hos oss i tunnel og på friland og frå kontraktdyrka grunnstammer på friland hos Fjeld Hagebruk. Dette er alle grunnstammer som er planlagt omsatt gjennom Norgro Plantesalg i løpet av vinteren 2012/2013. Desverre er det påvist heksekost på eple på ei plante i det eine ferdigvarepartiet produsert hos Fjeld Hagebruk. Det er ikkje påvist heksekost i grunnstammer produsert hos Sagaplant.

Vi avventar nå resultatet frå prøvane av morplantefelta våre (der vi produserar podekvist) og vedtak frå Mattilsynet på lagnaden til eplegrunnstammene. Ny informasjon følgjer så snart vi veit meir.