Påvisning av heksekost i landets største frukttreplanteskule

Mattilsynet har gjennom sin produksjonskontroll i september, påvist planteskadegjeraren heksekost på eple hos Fjeld Hagebruk. Heksekost på eple er ein skadegjerar som kan medføre store kvantitative og kvalitative skadar på eple. I følge nettsida til Mattilsynet (Mattilsynet), følger Mattilsynet opp med tanke på å hindre smittespreiing og på sikt kunne eliminere sjukdommen frå norsk fruktproduksjon.

Om sjølve funnet

Mattilsynet gjennomførte produksjonskontroll hos Fjeld Hagebruk i september. Under kontrollen vart det observert heksekostliknande symptom på fleire unge tre av 'Gravenstein' (gul). Det blei teke ut ein prøve som vart sendt til analyse. Prøven gav positivt utslag for heksekost på eple. Det vart òg teke ut prøvar av 'Quinte' og grunnstamma M 9. Begge prøvane viste svake positive utslag. Dette er første gong heksekost på eple er påvist hos Fjeld Hagebruk.


Vedtak

Mattilsynet har fatta hastevedtak om omsetnadsforbod og varsel om destruksjon av alle epletre på produksjonsstaden. Fjeld Hagebruk kan søke om dispensasjon frå dette vedtaket.

Fjeld Hagebruk

Fjeld Hagebruk held til på Røyse på Ringerike og er landets største produsent av frukttre og frukttregrunnstammer. Planteskulen er ein viktig alliansepartnar for Sagaplant AS og tek hand om ca. 2/3 av ferdigvareproduksjonen av eplegrunnstammer berekna for sal gjennom Norgro Plantesalg (norgro.no). I tillegg produserar Fjeld Hagebruk grunnstammer for eigen bruk for produksjon av ferdige frukttre til sine kundar.


Kva gjer Sagaplant

Sagaplant leverar både podekvist og småplanter av grunnstammer til Fjeld Hagebruk og dette kan vere ein mogleg smitteveg for heksekost på eple. I tillegg til overføring via plantemateriale, kan også sjukdommen spreiast ved rotinfiltrasjon frå plante til plante og via sugande insekt (vektorar). Vi har testa alt mormaterialet vårt av grunnstammer (som står i veksthus). I tillegg har vi så langt testa mormaterialet av dei 12 viktigaste eplesortane våre og teke ut stikkprøvar frå ferdigvareproduksjonen av både podekvist og grunnstammer. Alle prøvane hjå oss har vore negative; dvs. at heksekost på eple ikkje er påvist hos Sagaplant. I denne veka har vi teke ut ytterlegare prøvar for analyse for om mogleg, finne ut årsaken til smitte hos Fjeld Hagebruk og for å forsikre oss om at ikkje smitten kjem frå oss. Vi reknar med å ha svar på desse prøvane i løpet av neste veke. Ver merksam på at salet av podekvist frå Sagaplant AS, ikkje er påverka av funnet hos Fjeld Hagebruk eller vedtaket om omsetnadsforbod frå Mattilsynet. Dette gjeld også grunnstammene som er produsert hos oss. Vi fylgjer opp med meir informasjon så snart vi veit meir.