Rekordtidlig start på årets jordbærplantesesong

Produksjon av årets eliteplanter av jordbær er allerede i gang. Totalt er det planlagt ein produksjon på godt og vel 220.000 morplanter av jordbær for levering våren 2012. Dei første leveransane til godkjente planteprodusentar, er planlagt i veke 9. Dette er rekordtidleg i Sagaplant si historie! Dersom kapasiteten blir utnytta maksimalt og bestillingane er på plass i tide, gir eliteplantene opphav til over 6 millionar sertifiserte bruksplanter. Likevel reknar vi at berre omlag 1/3 av jordbærplantebehovet blir dekka opp gjennom bruk av sertifiserte planter kontrollert og godkjent av Mattilsynet.

Gangen i jordbærplanteproduksjonen er som følgjer: Ca. 1 mm store meristem (vekstpunkt) blir skorne frå kjerneplanter (definert genetisk og patologisk og godkjent av Mattilsynet) i sterilrom i august/september og lagt på agar tilsatt sukker, plantehormon og plantenæring i lukka glas (in vitro- kultur) og deretter plassert i vekstrom. Plantehormon (cytokininer) tilsatt dyrkningsmediet, gjer at plantemassen veks raskt og dannar mange nye skot. Plantemassen blir delt og dei nye skota overført til nye glas kvar 3.- 4. veke inntil vi har rikeleg med småplanter. Etter 4-5 månader, når mikroplantene er 3-5 cm lange, blir dei overført frå glas og prikla i torv i Vefi- brett (in vivo-kultur) for roting og produksjon av sjølvstendige eliteplanter. Det er denne prosessen som no føregår i veksthusanlegget vårt. Frå prikling til roting tek det 4-6 dagar og vidare omlag 6-7 veker til plantene er store nok for levering.

Frå elitemorplantene haustar Norgro sine planteprodusentar og andre, utløparar som utviklar seg vidare til sertifiserte bruksplanter klar for utplanting hjå bærdyrkarar.
Meristemkultur av 'Korona'
Meristemkultur av 'Korona'
Prikling av urota mikroplanter
Prikling av urota mikroplanter
Ferdigprikla brett med mikroplanter av 'Korona''
Ferdigprikla brett med mikroplanter av 'Korona''
Ferdigprikla brett blir utplassert i lukka plasttelt for roting av småplanter
Ferdigprikla brett blir utplassert i lukka plasttelt for roting av småplanter