Siste nytt på heksekostfronten

Vi har no fått svar på dispensasjonssøknaden vår på omsetnad av eplegrunnstammer. Søknaden gjaldt godt og vel 94.000 grunnstammer. Med bakgrunn i informasjonen vi har gitt, har Mattilsynet frigitt om lag 86.000 eplegrunnstammer som no kan omsettast på dispensasjon. Eit parti på 8.000 M 9- stammer produsert hos Fjeld Hagebruk, skal destruerast. Mattilsynet har argumentert med at dette er eit parti som kan isolerast frå resten av grunnstammeproduksjonen hos Fjeld og som er laga med utgangspunkt i rotmasse frå grunnstammer- og frukttre dyrka hos Fjeld.
Vi gjer merksam på at det ikkje er påvist heksekost på eple i grunnstammene som det no er gitt dispensasjon for.
Så snart ordrestadfesting er sendt ut av Norgro, går vi i gang med sortering, pakking og utsending av stammer i hht. bestillingslister.