Uhell med årets leveranse av podekvist og stiklingsmateriale av Ribes spp.

All podekvist og stiklingsmateriale av frukt, solbær, rips og stikkelsbær som blir sendt ut til våre kundar, gjennomgår varmtvassterapi. Metoden går ut på at vi legg ferdig tilkutta plantemateriale i eit vassbad i 10 minuttar ved 45° C. Deretter blir kvisten lagt 10 minuttar i kaldt vatn for avkjøling før materialet blir lagt på kjølerom ved -2,5°C. Hensikten er å ta knekken på uønska overflateskadegjerarar som midd, insekt og nematodar. Vi har hatt god erfaring med denne metoden frå tidlegare år.

Hausten 2011 skifta vi varmeelement i varmvasskaret. Ved ein svikt i rutinane hjå oss, vart ikkje innstilt temperatur i varmebadet kontinuerleg kontrollsjekka med eksternt termometer. Først ved første varmtvassbehandling i starten av januar 2012, vart det oppdaga at temperaturen i karet var for høg. Dvs. at kvist og stiklingar behandla før nyttår, er blitt skada. Etter dette sløyfa vi varmtvassbehandlinga. Kvisten som alt var varmtvassbehandla, vart gjennomskoren og bark og ved såg grøn og fin ut. Vi valte difor å sende ut kvist som alt var varmtvassbehandla. Først ved tilbakemeldingar frå kundar om at mottatt kvist lukta surt og var brun (høgre temperatur under forsending enn vi hadde på kjølerom), skar vi gjennom knoppar og såg at fleire av desse var brune. Etter dette stoppa vi utsending av varmtvassbehandla podekvist og vedstiklingar. I ein periode, og først og fremst av solbærsorten 'Ben Tron', eplesortane 'Discovery', 'Raud Gravenstein', 'Vista Bella' og 'Aroma'- klonar og ulike plommesortar, har det dessverre blitt sendt ut materiale frå oss som har vore skada. Dette har resultert i masse ekstraarbeid og frustrasjon hjå fleire av kundane våre pga. sviktande tilslag. Vi beklagar dette sterkt!

Frå og med medio januar 2012 er altså rutinane våre endra og innskjerpa og vi kan levere nytt og friskt okulasjonsmateriale til frukt frå og med sommaren 2012, stiklingar av Ribes spp. og podekvist av dei ulike fruktartane frå og med hausten 2012.

I henhold til salsbetingelsane våre, tilbyr vi erstatning til berørte kundar i form av nytt plantemateriale eller pengeverdi tilsvarande fakturabeløp. Vi tek kontakt direkte med kundar som vi veit har fått skadd materiale og reknar med at andre berørte tek kontakt sjølve.